1Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For de trurøkne sømer seg lovsong. 2Prisa Herren med strengeleik, lovsyng honom til tistrengja harpa! 3Syng honom ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod. 4For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast. 5Han elskar rettferd og rett; av Herrens nåde er jordi full. 6Himlarne er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande. 7Han samlar havsens vatn som ei muga, legg dei djupe vatn i upplagshus. 8All jordi må ottast for Herren, for honom ræddast alle som bur i mannheimen. 9For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der. 10Herren spiller heidningefolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes. 11Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt. 12Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv. 13Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle menneskjeborni. 14Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi, 15han som lagar deira hjarto alle saman, han som merkar alle deira gjerningar. 16Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft. 17Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje. 18Sjå, Herrens auga ser til deim som ottast honom, som ventar på hans nåde 19til å fria deira sjæl frå dauden og halda deim i live i hungersnaud. 20Vår sjæl stundar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold. 21For i honom gled vårt hjarta seg, for me set vår lit til hans heilage namn. 22Di nåde, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!