1Av David. @Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi! 2Høyr røysti av mine audmjuke bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til din heilage høgkor. 3Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta. 4Gjev deim etter deira gjerning og etter vondskapen i deira verk! Gjev deim etter det deira hender hev gjort, løn deim som dei hev fortent! 5For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp. 6Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine audmjuke bøner! 7Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song. 8Herren er styrke for sitt folk, og ei vern til frelsa for den han hev salva. 9Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød deim og ber deim til æveleg tid!