1Kvi ståkar heidningarne, og kvi stilar folki på fåfengt verk? 2Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva: 3«Lat oss slita sund deira band og kasta deira tog av oss!» 4Han som tronar i himmelen, lær: Herren spottar deim. 5So talar han til deim i sin vreide, og i sin harm skræmer han deim: 6«Og eg hev då sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell.» 7Eg vil fortelja um ei rådgjerd: Herren sagde til meg: «Du er min son, eg hev født deg i dag. 8Krev av meg, so vil eg gjeva deg heidningarne til arv og endarne av jordi til eiga. 9Du skal knasa deim med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra deim.» 10Og no, de kongar, far visleg fram! Lat dykk segja, de domarar på jordi! 11Ten Herren med age, og fagna dykk med otte! 12Kyss sonen, so han ikkje skal verta vreid, og de skal ganga til grunnar på vegen! For hans vreide kunde lett kveikjast. Sæle er alle dei som set si lit til honom!