1Til songmeisteren; ein salme av David. 2Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort. 3Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap. 4Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd. 5Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim. 6Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid. 7Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite. 8Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis. 9Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo. 10Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman. 11Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne. 12Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn. 13Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester! 14Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!