1Ei bøn av David. Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå saklause lippor! 2Lat min rett ganga ut frå ditt andlit, dine augo skoda kva rett er! 3Du prøver mitt hjarta, gjestar det um natti, du ransakar meg, du finn ingen ting; min tanke vik ikkje av frå min munn. 4Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar. 5Mine stig heldt seg stødt til dine farvegar, mine føtar snåva ikkje. 6Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Bøyg ditt øyra til meg, høyr mitt ord! 7Vis di underfulle miskunn, du som frelsar deim som flyr til deg, frå deim som stend imot di høgre hand! 8Vakta meg som din augnestein! gøym meg i skuggen av dine vengjer 9for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg! 10Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod. 11Kvar me gjeng, kringgjeng dei oss no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi. 12Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne. 13Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd, 14frå menner med di hand, Herre, frå menner av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine avleivor etter seg til sine born! 15Eg skal i rettferd skoda ditt andlit, eg skal, når eg vaknar, mettast av di åsyn.