1Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova honom i hans sterke kvelv! 2Lova honom for hans storverk, lova honom etter hans fulle storleik! 3Lova honom med lurljom, lova honom med harpa og cither! 4Lova honom med trumma og dans lova honom med strengleik og fløyta! 5Lova honom med klingande cymblar, lova honom med ljomande cymblar! 6Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!