1Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd, 2og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn. 3For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude. 4Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt. 5Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort. 6Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela. 7Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi. 8Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg! 9Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg. 10Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet. 11For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla! 12Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.