1Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg! 2Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer! 3Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør! 4Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt til å gjera ugudlege gjerningar saman med menner som gjer urett, og ikkje lat meg eta av deira lostemat! 5Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudsalve skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap. 6Deira domarar vert sturta utfyre fjellveggen, og sjølv skal dei høyra mine ord, at dei er yndelege. 7Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen. 8For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg, tøm ikkje ut mi sjæl! 9Vara meg ifrå fella dei hev sett for meg, og snarorne til deim som gjer urett! 10Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!