1Ein song til høgtidsferderne. Herre, kom i hug for David all hans møda! 2Han som svor for Herren, lova Jakobs velduge: 3«Ikkje gjeng eg inn i mitt heimetjeld, ikkje stig eg upp på lega i mi seng, 4ikkje unner eg augo svevn, ikkje augneloki ein blund, 5fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs velduge.» 6Sjå, me høyrde um henne i Efrata, so fann me henne i skogbygdi. 7Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel! 8Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista! 9Prestarne dine klæde seg i rettferd, og dine trugne ropa med fagnad! 10For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva! 11Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol. 12Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.» 13For Herren hev valt seg Sion, han ynskte det til sin bustad: 14«Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for det hev eg ynskt. 15Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød, 16og prestarne vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad. 17Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva. 18Hans fiendar vil eg klæda med skam, men yver honom skal hans kruna stråla.»