1Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel - 2mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg. 3På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange. 4Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege. 5Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion. 6Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa; 7slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang. 8Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»