1Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel - 2hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss, 3so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss, 4so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl, 5so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni. 6Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner! 7Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan. 8Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.