1Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg. 2Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga! 3Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga? 4Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska. 5Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld! 6Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred. 7Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.