1Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov! 2Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta, 3dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar. 4Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel. 5Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter! 6Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord. 7Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar. 8Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg. 9Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord. 10Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord! 11I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg. 12Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter! 13Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn. 14Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom. 15På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar. 16I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord. 17Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord. 18Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov! 19Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg! 20Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid. 21Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord. 22Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på. 23Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter. 24Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar. 25Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord! 26Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter! 27Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under. 28Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord! 29Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov! 30Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg. 31Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar! 32Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta. 33Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes. 34Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta. 35Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg. 36Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning! 37Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg! 38Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg! 39Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode. 40Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd. 41Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord! 42Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord. 43Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg. 44Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid. 45Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner! 46Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar. 47Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar. 48Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter. 49Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von! 50Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live. 51Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike. 52Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta. 53Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov. 54Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand. 55Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov. 56Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter. 57Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord. 58Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!» 59Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål. 60Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord. 61Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt. 62Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover. 63Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner. 64Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter! 65Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord. 66Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord. 67Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord. 68Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter! 69Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner. 70Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov. 71Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter. 72Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv. 73Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord! 74Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg. 75Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned. 76Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar! 77Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst. 78Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner. 79Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål! 80Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar! 81Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord. 82Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?» 83For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje. 84Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg? 85Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov. 86Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg! 87Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner. 88Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn. 89Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen. 90Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend. 91Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar. 92Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud. 93I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live. 94Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter. 95På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg. 96På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt. 97Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke. 98Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim. 99Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål. 100Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på. 101Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord. 102Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp. 103Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min. 104Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig. 105Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig. 106Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover. 107Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord! 108Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar! 109Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt. 110Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt. 111Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda. 112Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes. 113Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg. 114Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg. 115Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord! 116Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von! 117Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter. 118Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd. 119Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål. 120Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg. 121Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg. 122Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg! 123Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord. 124Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter! 125Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål! 126Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov. 127Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull. 128Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig. 129Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim. 130Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke. 131Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg. 132Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn! 133Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg! 134Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner. 135Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter! 136Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov. 137Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar. 138Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap. 139Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord. 140Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det. 141Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt. 142Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning. 143Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst. 144Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva! 145Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på. 146Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål. 147Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord. 148Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord. 149Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar! 150Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte. 151Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning. 152Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva. 153Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt. 154Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord! 155Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter. 156Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar! 157Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike. 158Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord. 159Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn! 160Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov. 161Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord. 162Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang. 163Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska. 164Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar. 165Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall. 166Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde. 167Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje. 168Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn. 169Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord. 170Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord! 171Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter; 172Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd. 173Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut. 174Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst. 175Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg! 176Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.