1Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! 2Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!» 3Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!» 4Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!» 5Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie. 6Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg? 7Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg. 8Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje. 9Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar. 10Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 11Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 12Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 13Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg. 14Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa. 15Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk. 16Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk. 17Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar. 18Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje. 19Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren. 20Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der. 21Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa. 22Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein. 23Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo. 24Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no! 25Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast! 26Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus. 27Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret! 28Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg. 29Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!