1Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga, 2då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike. 3Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende. 4Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb. 5Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende? 6de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb? 7For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn! 8Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.