1Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord. 2Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna. 3Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast. 4Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han. 5Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten. 6For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne. 7For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren. 8Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar. 9Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra. 10Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.