1Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje! 2For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga. 3Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak. 4Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed, 5dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik. 6Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand! 7Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd! 8Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte! 9Lat hans born verta farlause og kona hans enkja! 10Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim! 11Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling! 12Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born! 13Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled! 14Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki! 15Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi, 16av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom. 17Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom. 18Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein. 19Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg! 20Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl! 21Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg! 22For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg. 23Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp. 24Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita. 25Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet. 26Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn! 27so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det. 28Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg. 29Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa. 30Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom. 31For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.