1Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! 2So segjer Herrens utløyste, som han hev løyst ut or naudi, 3som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og frå havet. 4Dei for vilt i øydemarki, i vegløysa, dei fann ingen by til å bu i. 5Hungrige og tyrste var dei, deira sjæl vanmegtast i deim. 6Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor fria han deim ut, 7og han førde deim på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i. 8Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni, 9for han metta den tyrste sjæl, og den hungrige sjæl fyllte han med godt. 10Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakarsdom og jarn, 11av di dei hadde tråssa mot Guds ord og vanvyrdt råderne frå den Høgste. 12Og han bøygde deira hjarto med liding, dei snåva, og der var ingen hjelpar. 13Då ropa dei til Herren i si naud, frå deira trengslor frelste han deim. 14Han førde deim ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund. 15Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni; 16for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar. 17Dårar var dei for sin brotsveg, og for sine misgjerningar vart dei plåga. 18Deira sjæl vart leid av all mat, og dei kom nær til daudens portar. 19Då ropa dei til Herren i si naud; frå deira trengslor frelste han deim. 20Han sende sitt ord og lækte deim og berga deim frå deira graver. 21Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni 22og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad. 23Dei som for ut på havet med skip, og som dreiv handel på dei store vatni, 24dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet. 25Han tala og let det koma ein stormvind, og denne reiste havsens bylgjor. 26Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupi, deira sjæl miste modet i ulukka. 27Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes. 28Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han deim ut. 29Han let storm verta til stilla, og bylgjorne kringum deim tagna. 30Og dei vart glade då dei lagde seg, og han førde deim til den hamni dei ynskte. 31Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni 32og høglova honom i folkesamling og lovsyngja honom der dei gamle sit saman. 33Han gjorde elvar til ei øydemark og vatskjeldor til eit turrlende, 34fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der. 35Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor. 36Og han let hungrige bu der, og dei bygde ein by til å bu i. 37Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk grøda til å hausta. 38Og han velsigna deim, og dei auka mykje, og av fe gav han deim ikkje lite. 39So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg. 40Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark, 41han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ætterne som ei hjord. 42Dei ærlege ser det og gled seg, og all vondskap let att sin munn. 43Den som er vis, han gjeve gaum etter dette, og dei må merke Herrens nådegjerningar.