1Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! 2Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov? 3Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid! 4Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa! 5so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv. 6Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege. 7Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet. 8Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt, 9og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki, 10og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand, 11og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim. 12Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov. 13Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd; 14men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad. 15Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv. 16Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage. 17Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram, 18og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege. 19Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte, 20og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras. 21Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland, 22undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet. 23Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja. 24Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans, 25og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst. 26Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki, 27og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi. 28Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude, 29og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim. 30Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest; 31og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg. 32Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld; 33for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor. 34Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um, 35men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar, 36og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara, 37og dei ofra sine søner og døtter til magterne, 38og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld. 39Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd. 40Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv. 41Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim, 42og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand. 43Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning. 44Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop. 45Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn. 46Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim. 47Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov! 48Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!