1Av David. Lova Herren, mi sjæl, og alt som i meg er, love hans heilage hamn! 2Lova Herren, mi sjæl, og gløym ikkje alle hans velgjerningar! 3Han som tilgjev all di skuld, han som lækjer alle dine brester, 4han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn, 5han som mettar din prydnad med godt, so du vert ung att som ørnen. 6Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er under trykk. 7Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born. 8Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn. 9Han trættar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide. 10Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje lika for våre misgjerningar. 11For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldug yver deim som ottast honom. 12So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss. 13Som ein far miskunnar borni, so miskunnar Herren deim som ottast honom. 14For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust. 15Eit menneskje, som gras er hans dagar, som blomen på marki, soleis blømer han. 16Når vinden fer yver honom, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av honom. 17Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver deim som ottast honom, og hans rettferd er mot barneborn, 18mot deim som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner og liver etter deim. 19Herren hev sett sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting. 20Lova Herren, de hans englar, de velduge kjempor som set hans ord i verk, med di de lyder på røysti av hans ord! 21Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje! 22Lova Herren alle hans verk på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjæl!