1Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren. 2Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg! 3Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart! 4For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld. 5Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt. 6For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt. 7Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader. 8Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket. 9Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg. 10For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt 11for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt. 12Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras. 13Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt. 14Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen. 15For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus. 16Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra. 17For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra; 18han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn. 19Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren, 20for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi 21og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born, 22so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem, 23når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren. 24Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar. 25Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år. 26Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender. 27Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte; 28men du er den same, og dine år tek aldri ende. Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.