1Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova. 2Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus. 3Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg. 4Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av. 5Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola. 6Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg. 7I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine. 8Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.