1Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd? 2Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp! 3For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren. 4Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar. 5Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt. 6Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.» 7Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka. 8Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause. 9Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn. 10Han luter seg, duvar seg ned, og dei verjelause fell for hans sterke klør. 11Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.» 12Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme! 13Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: «Du heimsøkjer ikkje?» 14Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause. 15Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir! 16Herren er konge æveleg og alltid heidningarne er øydde ut or hans land. 17Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til, 18so du gjev den farlause og nedtyngde sin rett. Ikkje lenger skal menneskjet som er av jordi halda fram med å skræma.