1Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju. 2Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord. 3Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen: 4«Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho: 5«Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!» 6Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit! 7Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk. 8Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg! 9Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir. 10Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage. 11«For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.» 12Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine. 13Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit. 14Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen, 15og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram: 16«Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho: 17«Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.» 18Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.