1Høyr kor visdomsmøyi ropar, og vitet høgmælt talar! 2Uppe på haugar ved vegen, der stigarne møtest, stend ho, 3attmed portarne ut or byen, ved døra-inngangen ropar ho høgt: 4«Godtfolk, eg ropar på dykk, og til mannsborni ljomar mi røyst. 5Fåkunnige, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit! 6Høyr, eg talar gjæve ord, og ærlegt er det som lipporne segjer; 7ja, sanning talar min gom, og lipporne styggjest ved gudløysa. 8Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i deim. 9Dei er alle sanne for den kloke og rette for deim som fann kunnskap. 10Tak då min age heller enn sylv og kunnskap framfyre utvalt gull! 11For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som denne. 12Eg, visdomen, skyner meg på klokskap, og vit på rådleggjing hev eg. 13Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar. 14Hjå meg er råd og dug, eg er vit, hjå meg er magt. 15Eg gjer at kongar råder, og at hovdingar dømer rett. 16Eg gjer at styrarar styrer og fyrstar - alle domarar på jordi. 17Eg elskar deim som meg elskar, og dei som leitar meg upp, skal meg finna. 18Rikdom og æra er hjå meg, gamalt gods og rettferd. 19Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv. 20Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar, 21For eg vil gjeva gods åt deim som elskar meg og fylla deira forråd. 22Herren skapte meg til fyrste verket sitt, fordom fyrr han gjorde noko anna. 23Alt frå æva er eg innsett, frå upphavet, fyrr jordi vart til. 24Fyrr djupi var til, vart eg fødd, då det ei fanst kjeldor fulle med vatn, 25fyrr fjelli var søkkte ned, fyre haugar vart eg fødd, 26fyrr han skapte jord og mark og den fyrste moldklump i verdi. 27Då han laga himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet. 28Då han feste skyerne i det høge, då kjeldorne fossa fram or djupet, 29då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi, 30då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn. 31Eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i manneborni. 32Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held mine vegar. 33Høyr på tukt og vert vise, og slepp ho ikkje ifrå dykk! 34Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine. 35For den som finn meg, finn livet og fær velsigning frå Herren. 36Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»