1Son min, tak vare på ordi mine, og gøym mine bodord hjå deg! 2Tak vare på bodordi mine, so skal du liva, og på læra mi som din augnestein! 3Bitt deim på fingrarne dine, skriv deim på hjartetavla! 4Seg til visdomen: «Du er mi syster», og kalla vitet din ven, 5so dei kann deg vara frå annanmanns kona, frå ei framand kvinna med sleipe ord. 6For gjenom vindauga mitt, gjenom rimarne glytte eg ut. 7Då såg eg millom dei fåkunnige, eg gådde ein uviting millom dei unge, 8som smaug um hyrna på gata, tok vegen til hennar hus, 9i skumings-stundi, mot kvelden, i kolmyrke svarte natti. 10Då kom kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta - 11bråkande er ho og vill, heime hev ho ’kje ro. 12Snart på gata, snart på torgi, med kvart hyrna stend ho på lur - 13Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sagde ho til han: 14«Eg hev på meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag. 15Difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg. 16Mi seng hev eg reidt med tæpe, med egyptiske roselakan. 17Eg hev skvett utyver mi lega myrra, aloe og kanel. 18Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug! 19For mannen er ikkje heime, han er på ferd langt burte, 20pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.» 21Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor. 22Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren, 23til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet. 24Og no, søner, høyr på meg, og lyd på det munnen min talar! 25Ei vende du hjarta til hennar vegar, vimra ikkje på hennar stigar! 26For mange med ulivssår hev ho felt, og stort er talet på deim ho hev drepe. 27Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot.