1Son min, gjev agt på min visdom, lut øyra ned til mitt vit! 2So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma på kunnskap. 3For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje, 4men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd. 5Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims. 6Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill. 7Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler! 8Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar! 9Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine. 10Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus, 11so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært, 12og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age? 13Kvi høyrde eg ikkje på meistrarne mine, og lydde på deim som lærde meg? 14Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.» 15Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda! 16Skulde kjeldorne dine renna på gata, vatsbekkjerne dine ute på torgi? 17Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg! 18Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv. 19Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik. 20Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen på framand kvinna? 21For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar. 22Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast. 23Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.