1Høyr etter, born, når far dykkar tuktar, og gjev gaum, so kann de læra å skyna! 2For eg gjev dykk ein lærdom god; gakk ikkje frå mi upplæring! 3For eg var og barn for far min, og mor sin einaste veslegut. 4Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva. 5Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, Gløym ei, vik ei burt frå ordi eg segjer! 6Gakk ei frå visdomen, so skal han vakta deg, elska han, so skal han vara deg. 7Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom! Og kjøp deg vit for all di eiga! 8Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang. 9Han set på ditt hovud ein yndeleg krans, ei kruna so fager han gjev deg.» 10Høyr, min son, og tak imot mine ord, so vert dine livs-år mange. 11Eg viser deg visdoms veg, eg fører deg fram på beine stigar. 12Når du gjeng, skal du stiga fritt, når du spring, skal du ikkje snåva. 13Haldt fast på agen, slepp han ikkje, tak vare på han, for han er ditt liv. 14På gudlause-stig må du ikkje koma, ei fara den vegen dei vonde fer. 15Lat han vera, gakk ikkje på han, vik frå han og kom deg undan! 16For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla. 17Gudløysa er det brødet dei et og vald er den vinen dei drikk. 18Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn. 19Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i. 20Son min, agta på ordi mine, vend ditt øyra til det eg segjer! 21Lat dei ikkje vika frå augo dine, vara dei djupt i hjarta! 22For det er liv for kvar som finn det, og lækjing for heile hans likam. 23Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det. 24Haldt svik med munnen ifrå deg, og burt med falske lippor! 25Lat augo dine sjå beint fram, og augnekasti skoda ende fram for deg! 26Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde. 27Vik ei til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!