1Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom: 2Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son? 3Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar! 4Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk. 5For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger. 6Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli. 7At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si. 8Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang! 9Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett! 10Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor. 11Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje. 12Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar. 13Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad. 14Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda. 15Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut. 16Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard. 17Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke. 18Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar ’kje lampa hennar um natti. 19Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen. 20Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen. 21Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty. 22Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur. 23Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet. 24Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren. 25Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem. 26Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga. 27Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap. 28Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov: 29«Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.» 30Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast. 31Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.