1Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal: 2For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit. 3Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage. 4Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det? 5Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom. 6Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar. 7Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr: 8Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød! 9Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn. 10Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta. 11Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si, 12ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn, 13ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki! 14ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund. 15Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!» 16Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!» 17Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp. 18Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar: 19Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy. 20Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.» 21Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda: 22under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett, 23under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua. 24Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor: 25Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren. 26Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget. 27Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking. 28Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott. 29Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga: 30Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon, 31hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren. 32Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen! 33For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.