1Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine! 2For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål. 3Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla! 4Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje. 5Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit! 6Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar. 7Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde. 8Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine. 9Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling. 10Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine. 11Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing! 12For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær. 13Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit! 14For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull. 15Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han. 16Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra. 17Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd. 18Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle. 19Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen. 20Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg. 21Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke! 22So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din. 23Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot. 24Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt. 25Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem. 26For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara. 27Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det! 28Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no! 29Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg! 30Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt! 31Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar! 32For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang. 33Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han. 34Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde. 35Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.