1Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund. 2Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket. 3Den som elskar visdom, gled sin far, men den som gjeng i lag med skjøkjor, øyder eiga si. 4Ein konge held landet sitt uppe med rett, men ein skattekrevjar legg det i øyde. 5Ein mann som smeikjer for næsten sin, breider ut eit net for føterne hans. 6Ein vond manns misgjerd er snara for honom, men rettferdig mann fegnast og gled seg. 7Den rettferdige syter for stakarens sak, den gudlause hev ikkje greida på noko. 8Spottarar øser upp ein by, men vismenner stiller vreiden. 9Når vismann fører sak mot dåren, vert dåren sinna og lær, og kann ’kje vera still. 10Dei blodfuse hatar ein skuldlaus mann, og stend dei ærlege etter livet. 11Alt sitt sinne slepper dåren ut, men vismannen døyver det til slutt. 12Agtar ein hovding på lygneord, er alle hans tenarar nidingar. 13Fatigmann og valdsmann råkast, Herren gjev deim båe augneljos. 14Ein konge som dømer småfolk rett, hans kongsstol stend æveleg fast. 15Ris og age gjev visdom, men ein agelaus gut fører skam yver mor si. 16Når dei gudlause aukar, so aukar syndi, men dei rettferdige skal sjå med lyst på deira fall. 17Aga son din, so vil han vera deg til hugnad og gjeva lostemat til sjæli di. 18Utan profetsyn vert folket vilt, men sæl er den som held lovi. 19Med ord let trælen seg ikkje tukta, for han skynar deim vel, men bryr seg ’kje um deim. 20Ser du ein mann som er snar til å tala, dåren gjev større von enn han. 21Kjæler du trælen upp frå hans ungdom, vil han vanvyrda deg til slutt. 22Sinna mann valdar trætta, og brålyndt mann gjer mang ei misgjerd. 23Mannsens ovmod fører til fall, men den audmjuke vinn seg æra. 24Den som helar med tjuven, hatar sitt liv, han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring. 25Manne-rædsla legg snaror, men den som lit på Herren, vert berga. 26Mange vil te seg fram for ein styrar, men frå Herren fær kvar mann sin rett. 27Ein styggedom for rettferdige er ein urettferdig mann, og ein styggedom for den gudlause er den som fer ærleg fram.