1Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge. 2Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge. 3Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød. 4Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim. 5Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt. 6Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar. 7Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin. 8Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme. 9Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom. 10Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er. 11Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut. 12Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk. 13Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn. 14Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka. 15Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk. 16Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge. 17Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom. 18Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine. 19Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod. 20Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst. 21Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit. 22I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han. 23Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si. 24Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror. 25Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing. 26Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst. 27Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg. 28Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.