1Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang. 2Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor! 3Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm. 4Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap? 5Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld. 6Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar. 7Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt. 8Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin. 9Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl. 10Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte. 11Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg! 12Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det. 13Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna! 14Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning. 15Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre. 16Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje. 17Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre. 18Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra. 19Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje. 20Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette. 21Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros. 22Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han. 23God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din! 24For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt. 25Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop, 26då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for, 27og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.