1Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver ikkje æra for ein dåre. 2Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning. 3Svipa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar. 4Svar ikkje dåren etter hans dårskap, so du ei skal verta lik han, du og! 5Svara dåren etter hans dårskap, so han ei skal tykkja han sjølv er vis! 6Føterne høgg han av seg, og vald fær han drikka, han som sender bod med ein dåre. 7Visne heng vanfør manns føter, so og ordtak i munnen på dårar 8som å binda ein stein i slyngja, soleis er det å gjeva ein dåre æra. 9Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar. 10Som ein skyttar som sårar alle, so er den som leiger dåren og kvar som fer framum. 11Som hund som snur seg til si eigi spya, so er ein dåre som kjem att til narreskapen sin. 12Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom. 13Letingen segjer: «D’er villdyr på vegen, ei løva i gatorne.» 14Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi. 15Stikk den late si hand i fatet, han evast med å ta ho upp til munnen att. 16Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar. 17Han triv i øyro på framumfarande hund, han som ryk upp i sinne for trætta som ikkje kjem han ved. 18Som ein galen som skyt med brennende pilar - drepande skot - 19so er ein mann som svik sin næste og segjer: «Eg gjorde det berre på gaman.» 20Når veden tryt, so sloknar elden, er baktalar burte, stoggar striden. 21Som kol vert til gløder og ved til eld, so kveikjer kranglaren kiv. 22Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet. 23Som sylv-glasering på skålbrot er brennande lippor når hjarta er vondt. 24Med lipporne skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik. 25Gjer han seg blidmælt, tru honom ei, for sju slag styggedom bur i hans hjarta. 26Hatet dyl seg i svik, men lyt syna sin vondskap i folkemugen. 27Den som grev ei grav, skal stupa nedi, den som velter ein stein, skal få han yver seg att. 28Den falske tunga hatar deim som ho hev krasa, og den sleipe munnen fører til fall.