1Dette er og ordtøke av Salomo, og mennerne åt Hizkia, kongen i Juda, hev samla deim. 2Guds æra er å dylja ei sak, og kongars æra å granska ei sak. 3Himmel-høgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut. 4Burt med slagget or sylvet! So fær gullsmeden ei skål av det. 5Burt med gudlaus mann frå kongen! So vert hans kongsstol fast ved rettferd. 6Briska deg ikkje for kongen, og stell deg ikkje på storfolks plass. 7For betre er at dei segjer med deg: «Stig her upp!» Enn at du vert nedflutt for augo på fyrsten. Kva so augo dine hev set. 8Ver ikkje for snar til å reisa sak; for kva vil du gjera til slutt, når motparten gjer deg til skammar? 9Før di sak med grannen din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom, 10For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg. 11Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid. 12Som ein gullring i øyra og sylgja av gull er ein vismann som refser for høyrande øyra. 13Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for deim som sender han, han kveikjer sjæli åt herren sin. 14Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev. 15Tolmod fær domaren yvertald, og den linne tunga bryt bein. 16Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje vert ovmett og spyr han ut. 17Set sjeldan din fot i huset åt grannen, so han ikkje vert leid deg og hatar deg. 18Hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar falskt mot sin næste. 19Som roti tonn og ustød fot, so er lit til utru mann på trengselsdagen. 20Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta. 21Er din fiend’ svolten, gjev honom mat, er han tyrst, so gjev honom drikka. 22For då hopar du gloande kol på hovudet hans, og Herren skal løna deg att for det. 23Nordanvind føder regn, og ei kviskrande tunga sure andlit. 24Betre å bu i ei krå på taket enn ha sams hus med trættekjær kvinna. 25Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte. 26Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som vinglar medan gudlaus ser det. 27Eta for mykje honning er ikkje godt, men å granska det vandaste er ei æra. 28Som ein by med murarne brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.