1Misunn ikkje vonde menneskje, og hav ikkje hug til å vera med deim. 2For hjarta deira tenkjer på vald, og um ulukka talar lipporne deira. 3Med visdom byggjer ein hus, og med vit grunngfester ein det, 4og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting. 5Ein vis mann er sterk, og ein kunnig er veldug i kraft. 6Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt. 7Visdom heng for høgt for fåmingen, i porten let han ikkje upp sin munn. 8Den som tenkjer på å gjere vondt, honom kallar me ein fuling. 9Synd er dårskaps råd, og spottaren er ei gruv for folk. 10Misser du modet når trengsla kjem, då er di kraft for trong. 11Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att! 12Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning? 13Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom. 14Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes. 15Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde! 16For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem. 17Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta! 18Elles vil Herren sjå det og mislika det og venda frå honom vreiden sin. 19Harmast ei yver illgjerdsmenner, misunn ikkje dei gudlause! 20For den vonde hev ingi framtid; lampa åt gudlause sloknar. 21Ottast Herren, son min, og kongen! Gakk ikkje i lag med upprørsmenner! 22For brått kjem ulukka yver deim, og kven veit når åri deira fær ein usæl ende? 23Desse ordi er og av vismenner. Det er ikkje godt når ein gjer mannemun i domen. 24Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna; 25men deim som refsar han, gjeng det vel, og velsigning av godt kjem yver deim. 26Ein kyss på lipporne er det når einkvan gjev det rette svaret. 27Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg hus 28ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine? 29Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.» 30Eg gjekk framum ein lat manns mark, og vinhagen til eit vitlaust menneskje, 31og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned. 32Og eg skygnde på det og agta på det, eg såg det, og denne lærdomen tok eg: 33«Endå litt soving, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross! 34So kjem armodi di som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.»