1Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg, 2og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor. 3Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda. 4Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din! 5Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels. 6Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat! 7For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg. 8For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord. 9For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord. 10Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause. 11For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg. 12Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord! 13Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy. 14Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim. 15Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta, 16og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er. 17Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom. 18For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes. 19Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen. 20Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt. 21For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde. 22Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall! 23Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit. 24Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han. 25Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast. 26Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine. 27For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen, 28ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk. 29Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo? 30Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden. 31Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned. 32Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm. 33Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv. 34Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri. 35«Dei slo meg, men det gjorde ’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»