1Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull. 2Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle. 3Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det. 4Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv. 5Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim. 6Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall. 7Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev. 8Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende. 9Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen. 10Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred. 11Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven. 12Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um. 13Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.» 14Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi. 15Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han. 16Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap. 17Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap! 18For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor! 19Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg. 20Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap 21til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg? 22Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten! 23For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim. 24Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann, 25at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt! 26Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld! 27Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg? 28Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett! 29Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.