1Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis. 2Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel. 3Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til. 4Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda. 5Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp. 6Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på? 7Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom. 8Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine. 9Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?» 10Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren. 11Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett. 12Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo. 13Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette. 14«Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg. 15Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap. 16Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande! 17Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein. 18Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig! 19Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med. 20Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret. 21Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning. 22Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg. 23Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god. 24Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg? 25Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå. 26Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim. 27Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta. 28Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik. 29Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår. 30Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.