1Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg, 2so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet, 3ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet, 4leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar, 5då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna. 6For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit. 7Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande, 8med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne. 9Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg. 10For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl, 11yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg 12og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals, 13dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar, 14dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt, 15dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. - 16Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord, 17som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt. 18For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber. 19Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar. 20Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast; 21for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att, 22men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.