1Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre. 2Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss. 3Mannsens eigi vitløysa fører til fall, men han harmast i sitt hjarta på Herren. 4Velstand samla mange vener, men fatigmann vert skild frå venen sin. 5Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan. 6Mange smeikjer den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste. 7Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta. 8Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka. 9Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal tynast. 10Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar. 11Mannsens klokskap gjev honom tol, og det er hans æra å tilgjeva brot. 12Konungs harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset. 13Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket. 14Hus og gods er fedre-arv, men frå Herren kjem ei vitug kona. 15Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta. 16Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet. 17Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning. 18Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom. 19Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre. 20Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis. 21Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang. 22Mannsens miskunn er hans gode vilje, og fatig man er betre enn ein som lyg. 23Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt. 24Stikk den late si hand i fatet, so idest han ei ta ho upp att til munnen. 25Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap. 26Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd. 27Høyr ikkje soleis på refsing, son min, at du villar deg burt frå kunnskaps ord! 28Eit nidings-vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett. 29Refsingsdomar er ferdige for spottaren og slag for ryggen på dårar.