1Einstødingen søkjer det han sjølv er huga på, mot alle kloke råder glefser han. 2Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i honom. 3Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott. 4Ordi i ein manns munn er djupe vatn, fløymande bekkjer, visdoms kjelda. 5D’er ’kje godt når ein gjev den gudlause medhald og rengjer rettferdig manns rett. 6Dåre-lippor kjem uppi trætta, og munnen hans ropar etter slag. 7Dåre-munn er til ulukka for han sjølv, og lipporne er ei snara for hans sjæl. 8Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet. 9Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren. 10Herrens namn er eit tårn so sterkt, der flyg den rettferdige inn og vert berga. 11Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar. 12Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt. 13Um nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til narreskap og til skam for honom. 14Manns mod ber uppe i sjukdom, men brote mod, kven kann bera det? 15Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap. 16Gåva opnar mannen veg og fører han fram til storfolk. 17Den som fyrst legg fram si sak, fær rett, men so kjem motparten og granskar honom. 18Lutkasting endar trettor og skil millom megtige menner. 19Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ein festningsby, og trættor er som stengsa for eit slott. 20Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin, av grøda frå lipporne vert han mett. 21Tunga hev daude og liv i sitt vald, dei som elskar henne, skal eta hennar frukt. 22Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og hev fenge ei nådegåva av Herren. 23Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord. 24Ein mann med mange vener gjeng det ille, men ven kann vera trugnare enn nokon bror.