1Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til. 2Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv. 3Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren. 4Den vonde lyder på vondskapslippa, ljugaren lyder på tyningstunga. 5Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing. 6Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira. 7Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga. 8Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang. 9Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven. 10Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren. 11Berre upprør søkjer den vonde, men ein hard bodberar vert send imot han. 12Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans! 13Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje det vonde vika. 14Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne! 15Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren. 16Kva skal pengar i handi på dåren? Å kjøpa visdom hev han ’kje vit til. 17Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud. 18Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå grannen sin. 19Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall. 20Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka. 21Den som avlar eit narr, fær sorg, og ikkje gled seg far til ein dåre. 22Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna. 23Gudlaus mann tek gåva i løynd til å bøygja rettargangen. 24Den vituge hev visdom for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende. 25Uvitug son er til gremme for far sin, og beisk sorg for henne som fødde’n. 26Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er. 27Den skynsame sparer på ordi, og den vituge mann er kald i hugen. 28Um dåren tagde, gjekk han og for vismann, og for ein vitug mann når han heldt munn.