1Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren. 2Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne. 3Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang. 4Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen. 5Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst. 6Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde. 7Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom. 8Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett. 9Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig. 10Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak. 11Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen. 12Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd. 13Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett. 14Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden. 15I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren. 16Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv. 17Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl. 18Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall. 19Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige. 20Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han! 21Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom. 22Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk. 23Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans. 24Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini. 25Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden. 26Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på. 27Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans. 28Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven. 29Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god. 30Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk. 31Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg. 32Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by. 33Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.