1Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide. 2Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar. 3Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode. 4Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår. 5Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok. 6Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt. 7Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta. 8Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt. 9Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd. 10Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy. 11Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto. 12Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje. 13Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg. 14Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap. 15Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid. 16Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt. 17Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt. 18Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv. 19Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege. 20Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si. 21Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram. 22Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand. 23Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er! 24Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede. 25Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa. 26Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine. 27Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva. 28Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen. 29Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer. 30Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini. 31Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag. 32Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit. 33Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.