1Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med henderne. 2Den som ottast Herren, fer ærleg fram, men krokvegar gjeng den som vanvyrder honom. 3I narrens munn er ovmods ris, men dei vise hev lipporne sine til vern. 4Utan uksar er krubba tom, men når stuten er sterk, vert innkoma stor. 5Ikkje lyg eit ærlegt vitne, men det falske vitne andar lygn. 6Spottaren søkjer visdom, men fåfengt, men lett finn den skynsame kunnskap. 7Gakk burt frå ein dåre, ei fekk du der merka lippor med kunnskap. 8Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv. 9Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk er godhug. 10Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi. 11Gudlause folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma. 12Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden. 13Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg. 14Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han. 15Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke agtar på sine stig. 16Den vise ottast og held seg frå vondt, men dåren er brålyndt og trygg. 17Bråsinna mann gjer narreverk, og meinsløg mann vert hata. 18Einfalde erver dårskap, men dei kloke fær kunnskap til krans. 19Vonde skal bøygja seg for dei gode, og gudlause ved portarne til den rettferdige. 20Ein fatig vert hata av venen sin jamvel, men ein rik vert elska av mange. 21Vanvyrder du næsten din, syndar du, men sæl den som ynkast yver armingar. 22Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt, og miskunn og truskap timast deim som finn på godt? 23Alt stræv fører vinning med seg, men tome ord gjev berre tap. 24Rikdomen er for dei vise ei krans, men narreskapen hjå dårar er narreskap. 25Eit sanningsvitne bergar liv, men den som andar lygn, er full av svik. 26Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd. 27Otte for Herren er livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror. 28Mykje folk er konungs prydnad, men folkemink er hovdings fall. 29Langmodig mann hev mykje vit, men bråhuga mann syner narreskap. 30Spaklyndt hjarta er likamens liv, men ilska er ròt i beini. 31Trykkjer du armingen, spottar du skaparen hans, men du ærar skaparen når du er mild mot fatigmann. 32I ulukka si lyt den gudlause stupa, men den rettferdige hev trygd når han skal døy. 33I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han seg fram. 34Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki. 35Kongen likar godt den kloke tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.