1Den vise son let seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn. 2Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald. 3Den som agtar munnen sin, varar si sjæl, men gapen fær seg ei ulukka. 4Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette. 5Den rettferdige hatar ljugarord, men den gudlause fer stygt og skamleg åt. 6Rettferd varar den som fer ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd. 7Mang ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje. 8Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra. 9Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt ugudlege vil slokna. 10Med ovmod veld ein berre trætta, men hjå deim som tek mot råd, er visdom. 11Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir. 12Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre. 13Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv, men den som ottast bodordet, fær løn. 14Vismanns læra er livsens kjelda, so ein slepp undan frå daudesnaror. 15Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng. 16Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap. 17Ein gudlaus sendemann fell i ulukka, men trufast bodberar er lækjedom. 18Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra. 19Uppfyllt ynskje er søtt for sjæli, men å vika frå vondt er ei gruv for dårar. 20Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille. 21Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn. 22Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige. 23Fatigfolks nybrot gjev rikeleg føda, men mang ein vert tynt ved urettferd. 24Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg. 25Rettferdige hev mat til å metta seg på, men gudlause gjeng med magen tom.