1Den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er fåvis. 2Den gode vinn seg hugnad hjå Herren, men den meinsløge fordømer han. 3Ingen mann vert stød av gudløysa, men roti åt rettferdige kann ingen rikka. 4Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans. 5Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik. 6Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn. 7Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast. 8Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad. 9Betre småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje ha mat. 10Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk. 11Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis. 12Ein gudlaus hev hug til vonde folks garn, men roti åt rettferdige gjev frukt. 13Lippe-synd er snara vond, men den rettferdige slepp ut or trengsla. 14Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender. 15Uvitingen held sin eigen veg for den rette, men den vise høyrer på råd. 16Når uvitingen er vreid, vert det kjent same dagen, men den kloke løyner skjemsla. 17Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik. 18Mang ein fer med svall som sverdstyng; men tunga åt dei vise, ho er lækjedom. 19Sanningslippa held seg æveleg, men falske tunga berre i ein augneblink. 20Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda. 21Inkje vondt den rettferdige råkar, men gudlause fær ulukka i fullaste mål. 22Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap. 23Ein klok mann løynar kunnskap, men dåre-hjarta ropar ut vitløysa. 24Strævsam hand kjem upp til herrevelde, men leta fører til trældom. 25Sorg i mannens hjarta bøygjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda. 26Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt. 27Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er rikdom so dyr for menneskja. 28På rettferds stig er liv, og gonga på vegen gjeng ikkje til dauden.