1Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt. 2Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom. 3Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals. 4Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden. 5Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si. 6Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir. 7Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert. 8Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad. 9Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap. 10Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda. 11Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned. 12Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt. 13Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki. 14Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa. 15Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak. 16Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom. 17Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt. 18Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn. 19Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude. 20Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast. 21Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan. 22Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit. 23Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide. 24Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing. 25Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt. 26Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn. 27Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg. 28Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv. 29Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke. 30Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise. 31Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!